Foto: Stian Servoss

LOTHEPUS
LOTHEPUS er i vinden som alltid. Hardhausen og sjarmøren fra Odda i Hardanger med cowboyhatt og røyk i kjeften er eit fenomen ingen kan vera likegyldig til.

Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017.

Han reiser land og strand rundt med sine supre kordamer og eminente band og trekkjer fulle hus i sjølv det mest fråflytningstruga bygdelag. På fremste rad står tenåringsjenter og lastebilsjåførar side om side og kan kvar ein song på rams!

«Eg elskar kvinnfolk og sprenging» synger Lothepus i «To steg fram og attende tri». Slikt blir det allsang av.